![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c0/Estadio_Olimpico_Universitario_CU.jpg/640px-Estadio_Olimpico_Universitario_CU.jpg&w=640&q=50)
Friidrett under Sommar-OL 1968
From Wikipedia, the free encyclopedia
Friidrettsøvingane under Sommar-OL 1968 i Mexico by vart avvikla i tida 13. til 20. oktober 1968. Det vart tevla i 36 øvingar, 24 for menn og 12 for kvinner. 1031 utøvarar frå 93 land deltok i tevlingane. Tevlingane fann stad på Estadio Olímpico Universitario, eit anlegg byg i 1952 som i dag har plass til vel 63 000 tilskodarar.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c0/Estadio_Olimpico_Universitario_CU.jpg/640px-Estadio_Olimpico_Universitario_CU.jpg)
I den store høgda, 2 200 meter over havet, vart det sett ei rad med verdsrekordar. Særleg i sprintøvingane og øvingane for menn vart mange verdsrekordar forbetra. Den olympiske meisteren på 100 meter, Jim Hines frå USA, tangerte den offisielle verdsrekorden på manuell tid med 9,9 sekundar, og vart samstundes med 9,95 den fyrste som fekk registrert ei elektronisk tid under 10,00 på distansen. På kvinnene sin 100 meter forsvarte Wyomia Tyus frå USA OL-gullet med verdsrekord på 11,0, elektronisk tid 11,08. Tommie Smith, også USA, forbetra verdsrekorden på 200 m for menn, polske Irena Szewińska gjorde det same på kvinnene sin 200 m. Lee Evans frå USA vart fyrstemann under 44 sekundar på 400 meter, medan britiske David Hemery forbetra verdsrekorden på 400 m hekk. Australiaren Ralph Doubell tangerte verdsrekorden på 800 meter. USA sine lag på 4 x 100 m stafett for kvinner og menn, samt 4x 400 m stafett for menn, pynta alle på dei eksisterande verdsrekordane. Viorica Viscopoleanu frå Romania forbetra verdsrekorden i lengdehopp for kvinner. Langt større åtgaum vekte det at USA-amerikanske Bob Beamon forbetra verdsrekorden i lengdehopp for menn med heile 55 centimeter til 8,90 m. I tresteghopp vart verdsrekorden forbetra fem gongar av tre ulike utøvarar gjennom kvalifiseringa og finalen. Til sist vart Viktor Sanejev frå Sovjetunionen olympisk meister på sitt andre og siste rekordhopp. Margitta Gummel frå Aust-Tyskland sette ny verdsrekord i kulestøyt for kvinner. Størst åtgaum fekk likevel den olympiske meisteren i høgdehopp, Dick Fosbury frå USA, som sette olympisk rekord med si nyskapande hoppmetode der han i satspunktet vende ryggen mot lista. Den nye stilen, den såkalla Fosbury-floppen, skulle i løpet av ein periode på litt over ti år verte heilt dominerande mellom høgdehopparar.
Friidrettstevlingane vert elles hugsa for Black Power-protesten under sigersseremonien på 200 meter for menn. Gullvinnaren Tommie Smith og bronsemedaljøren John Carlos reiste begge høgrearmen i veret med ein svart hanske under avspelinga av den USA-amerikanske nasjonalsongen, ein protest mot rasediskrimineringa i heimlandet. Dei vart nekta å delta vidare i leikane.