![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/18/Scandinavia_1645.gif/640px-Scandinavia_1645.gif&w=640&q=50)
Freden i Brömsebro
fredsavtale 1645 / From Wikipedia, the free encyclopedia
Freden i Brömsebro den 13. august 1645 avslutta den krigen som hadde gått føre seg frå 1643 mellom Sverige og Danmark-Noreg. Krigen fekk namnet Torstensonkrigen. Sverige sigra som ein del av framgangen under Trettiårskrigen.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/18/Scandinavia_1645.gif/640px-Scandinavia_1645.gif)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/43/Fredsstenen_i_Br%C3%B6msebro.jpg/640px-Fredsstenen_i_Br%C3%B6msebro.jpg)
Fredssamtalane vart hjelpt fram av Frankrike. I januar 1644 vart diplomaten Gaspart Coignet de la Thuillerie send som fredsforhandlar. Den 25. desember dette året lukkast det han å få Sverige og Danmark-Noreg til å skriva under ei traktat om at fredssamtalar skulle finna stad i Brömsebro i februar 1645.
Axel Oxenstierna leidde forhandlingene på svensk side, medan Corfitz Ulfeldt leidde den dansk-norske sida.
Dei svenske krava var langtgåande etter sigrar på slagmarka. Fredsavtala innebar at Danmark-Noreg avstod dei gamle norske områda Jämtland og Härjedalen, i tillegg til Gotland og Ösel til Sverige. Sverige fekk i tillegg Halland i 30 år, i tillegg til ei viss tolfridom i Øresund.