![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/36/Fred_B%25C3%25B8rre_Lundberg_at_Fiemme_1991.jpg/640px-Fred_B%25C3%25B8rre_Lundberg_at_Fiemme_1991.jpg&w=640&q=50)
Fred Børre Lundberg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fred Børre Lundberg (fødd 25. desember 1969) er ein norsk tidlegare kombinertrennar. Lundberg dominerte kombinertsporten i fyrste halvpart av 1990-åra. Han vart verdsmeister i 1991 og 1995 og vann olympisk gull på Lillehammer i 1994. Lundberg var dessutan med på å vinne tre gullmedaljar og fire sølvmedaljar for norske lag i verdsmeisterskapar og olympiske leikar i tida frå 1991 til 1999. Han vann verdscupen i nordisk kombinert i 1991, og var mellom dei tre beste i verda dei neste tre sesongane. Lundberg vann fem NM-gull, det siste i halvprogrammet, og fekk to bronsemedaljar i NM, den eine av desse i skihopping.
Fred Børre Lundberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. desember 1969 (54 år) Hammerfest kommune |
Idrett | kombinert |
Tok del i |
Nordic combined at the 1994 Winter Olympics – individual, Nordic combined at the 1992 Winter Olympics – team, Nordic combined at the 1998 Winter Olympics – team |
Utmerkingar |
Holmenkollmedaljen, Troms fylkeskommunes kulturpris |
Lundberg var fødd i Hammerfest og oppvaksen i Bardu.