François Barraud, (14. november 1899–11. september 1934), var ein sveitsisk kunstmålar. Bileta hans verta rekna til kunstretninga Neue Sachlichkeit (ny saklegdom).
Francois Barraud | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 24. november 1899 La Chaux-de-Fonds |
Død |
10. september 1934 (34 år) |
Yrke | kunstmålar |
Francois Barraud på Commons |
Barraud var fødd i La Chaux-de-Fonds. I yngre år gjekk han i lære for å verte målar og gipsarbeidar. Han gjekk i 1911 eit kveldskurs i teikning og modellering på ein skule i heimbyen, og livnærte seg det neste tiåret som handverkar. I 1922 arbeidde han i Reims i Frankrike. Han heldt si første kunstutstilling i heimbyen i 1919, same året deltok han på ei nasjonal utstilling i Basel. År 1924 reiste han til Paris for å studere kunst i Louvre. Dei neste åra måla han ei rekke stilleben og bilete av menneske, mellom anna laga han fleire dobbelportrett av seg sjølv og kona si. Hans presise, realistiske stil med bruk av detaljerte teikningar og klare, jamne fargar utvikla seg under påverknad frå gamle flamske og franske meistrar som han hadde studert ved Louvre.
Barraud var plaga med sjukdom heile sitt vaksne liv. Han slo seg ned i Genève i 1931. Der døydde han av tuberkulose tre år seinare, knapt 35 år gammal.
- Denne artikkelen bygger på «Francois Barraud» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2011.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.