Tredje Framferda
første ekspedisjonen som nådde den geografiske Sørpolen / From Wikipedia, the free encyclopedia
Tredje Framferda var ein norsk Antarktisekspedisjon leia av Roald Amundsen, og den første ekspedisjonen som nådde den geografiske sørpolpunktet. I åra 1910 til 1913 reiste Amundsen med «Fram» til Hvalbukta der han førte hundar og utstyr i land og sette opp vinterkvarter. «Fram» hadde tidlegare vorte nytta to gonger i Arktis. Frå basen Framheim ved Hvalbukta drog han med hundesledar mot Sørpolen, som han nådde den 14. desember 1911, 34 dagar før rivalen Robert Falcon Scott frå den britiske Terra Nova-ekspedisjonen, i det som har vorte kalla «kappløpet om Sørpolen».
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
- For Fridtjof Nansen sin ekspedisjon med same namn sjå Nansens Fram-ekspedisjon
Amundsen hadde opphavleg tenkt å bli den første til nå Nordpolen frå Alaska, men under førebuingane til denne ekspedisjonen kom det meldingar om at Frederick Cook og Robert Peary alt hadde nådd den nordlege polen, og Amundsen endra planane sine i all løyndom. Først etter at ekspedisjonen segla ut frå Noreg vart besetninga og omverda underretta om dei nye planane.