From Wikipedia, the free encyclopedia
«Frå høge himmel kjem eg ned» (nynorsk) eller «Fra himlen høyt jeg kommer her» (bokmål) er det norske namnet på den tyske julesongen «Vom Himmel hoch da komm’ ich her», som vart skriven av Martin Luther i 1535 til tonen åt dansevisa «Ich kum aus fremden Landen her». Tonen vart seinare noko endra og fekk si noverande form på 1600-talet.
Magnus Brostrup Landstad omsette teksten til dansk i 1855, og bokmålsteksten ein finn i Norsk salmebok på nummer 36 er brigda frå denne. Elias Blix gjendikta Luthersalmen for Nokre Salmar, seinare vart han brigda noko, slik han står i Nynorsk salmebok på nr 88 (Frå høge himmel kjem eg her). Nynorskteksten på nummer 37 i Norsk salmebok er omsett av Christian Rynning og Per Lønning.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.