![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/ab/Man_Flu.jpg/640px-Man_Flu.jpg&w=640&q=50)
Forkjøling
From Wikipedia, the free encyclopedia
Forkjøling, nasofaryngitt eller krim(sjuke) viser til smittsame, akutte overflatebetennelsar i dei øvre luftvegane, det vil seie nase, svelg, strupe og luftrøyr. Sjukdommen kan koma av ei rekkje ulike dropeborne virus. Vanlege symptom på forkjøling er sår hals, rennande nase, hoste, nysing og noko feber.
Kjappe fakta Medisinsk namn, Klassifikasjonar og ressursar ...
Forkjøling | |||
![]() | |||
Medisinsk namn | rhinitis acuta, febris catarrhalis | ||
---|---|---|---|
Klassifikasjonar og ressursar | |||
ICD-9-kode: | 460 | ||
ICD-10-kode: | J00 | ||
ICPC-2: | R83 | ||
MeSH | D003139 |
Lukk
Det finst ingen medisinsk kur for forkjøling, men ein som er smitta blir som regel frisk på eiga hand. Det tek 1-2 døgn frå ein blir smitta til ein utviklar sjukdommen, og han varer som regel i 7-10 dagar, medan nokre symptom kan vara i opptil 3 veker. Irritasjonen i slimhinnene frå forkjølinga kan også gjera at ein blir meir mottakeleg for infeksjon, slik at forkjøling kan føra til andre sjukdommar.