Forbrukarrådet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Forbrukerrådet er ein uavhengig interesseorganisasjon som hjelper forbrukarane og påverkar styresmakter og næringsliv i ei forbrukarvennleg retning gjennom rettleiing av forbrukarar, forbrukarpolitikk og marknadsportalar. Rådet vart stifta i 1953 for å gi styresmaktene råd på vegne av forbrukarane. Forbrukerrådet gav tidlegare ut bladet Forbrukerrapporten. Bladet kom ut for første gong i 1958 og vart lagt ned vinteren 2010, etter 52 år i drift.
Forbrukarrådet | |||
Org.form | Organisasjonsledd | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 871033382 | ||
Skipa | 7. juli 1953 | ||
Morselskap | Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Land | Noreg | ||
Nettstad | https://www.forbrukerradet.no/ |
Forbrukerrådet er statleg finansiert, men fristilt politisk frå overordna departement (Barne- og familiedepartementet), med særskilde fullmakter, eige styre og eigne vedtekter fastsette ved kongeleg resolusjon. Direktør i Forbrukerrådet er Inger Lise Blyverket. Forbrukerrådet sitt styre blir leia av Anne Kathrine Slungård.