From Wikipedia, the free encyclopedia
Folkeavrøystinga om katalansk sjølvstende 2017 var ei avrøysting som blei delvis gjennomført 1. oktober 2017 i den spanske autonome provinsen Catalonia.[1] Ifølgje den katalanske regjeringa deltok 2,26 millionar personar i avrøystinga, som enda med at 92 % (2,02 millionar) røysta for sjølvstende frå Spania. Røysteprosenten var 42,58 %. Spørsmålet på røystesetelen lydde: «Ønskjer du at Catalonia blir ein sjølvstendig stat i form av ein republikk?»[2]
Avrøystinga blei skriven ut 9. juni av den katalanske presidenten Carles Puigdemont. Den spanske regjeringa hevda same dag at dei ville forhindre avrøystinga. Den 7. september fastslo spansk høgsterett at avrøystinga var grunnlovsstridig. Dagen før avrøystinga hadde Guardia Civil (sivilgarden) ifølgje eiga utsegn stengt annankvart røystelokale.[3]
Den spanske regjeringa og den spanske høgsterett meinte avrøystinga var ulovleg, og ifølgje statsminister Mariano Rajoy hadde det ikkje vore ei folkeavrøysting, men eit angrep på rettsstaten. Den katalanske presidenten hevda derimot at Catalonia no hadde rett til sjølvstende.[2] Ifølgje den spanske regjeringa var avrøystinga grunnlovsstridig.[4] Den spanske regjeringa kan ifølgje artikkel 155 i grunnlova tvinge den katalanske regjeringa til å avlyse avrøystingar.[5]
På valdagen beslagla Guardia Civil røystesetlar og røysteboksar frå røystelokale i Barcelona. Opprørspoliti skaut med gummikuler og fjerna folk frå røystelokala ved bruk av makt, for å forhindre dei i å delta i avrøystinga.[4] I heile Catalonia var det kommandert ut tusenvis av politifolk frå Guardia Civil og Mossos d'Esquadra, som skulle hindre at avrøystinga skulle finne stad.[6] I desse uroene kom 33 politibetjentar og 844 sivile til skade.[7][6] FC Barcelona måtte også spele utan tilskodarar.[8]
I oktober 2019 blei leiarane for sjølvstendeaksjonen dømde til lange fengselsstraffer av Spanias høgsterett. Oriol Junqueras blei dømd til 13 år i fengsel for oppvigling og misbruk av offentlege middel. Raül Romeva, Dolors Bassa, Jordi Turull, Carme Forcadell, Joaquim Forn and Josep Rull fekk 10 til 12 års fengsel. Den internasjonale arrestordren mot Carles Puigdemont blei samstundes fornya.[9] Det braut ut omfattande protestar i Barcelona etter at dei lange straffene blei kjende.[10][11] Demonstrasjonane førte blant anna til at flyplassen blei stengd og over 100 flyavgangar innstilte. Fleire hovudvegar og jarnbanelinjer blei også blokkerte.[12] Demonstrasjonane pågjekk i fleire dagar.[13] Demonstrasjonane heldt fram til den 18. oktober og mange tusen gåande fylte motorvegane inn mot Barcelona.[14] Hamnearbeidarane og tilsette ved Seat-fabrikken la ned arbeidet, mange butikkar heldt stengde og vanleg arbeid i Barcelona stansa opp på grunn av demonstrasjonane. Det var venta at 1 til 2 millionar ville delta i demonstrasjonar i Barcelona 18. oktober.[15][16] Politiet melde at over ein halv million deltok i demonstrasjonane 18. oktober.[17][18]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.