From Wikipedia, the free encyclopedia
Fuller Building, betre kjend som Flatiron Building, er ei høgblokk ved Madison Square på Manhattan i New York. Bygningen er reist på den smale og kileforma hjørnetomta nord for 23. gate der Broadway møter Fifth Avenue, noko som gav han den karakteristiske forma si (og kallenamnet Flatiron - 'Strykejernet').
Flatiron Building | |||
| |||
Arkitekt | Daniel Burnham | ||
---|---|---|---|
Opna | 1902 | ||
Stil | Nyrenessanse | ||
Flatiron Building 40.741111°N 73.989722°W |
Flatiron Building stod ferdig i 1902, og var då den nest høgaste bygningen i New York (etter Park Row Building) med ei høgd på 87 meter, fordelt på 22 etasjar.[treng kjelde] Flatiron var òg ein av dei første bygningsstrukturane i New York som blei bygd rundt eit stålskjelett,[treng kjelde] noko som gav nye høve for å byggja i høgda. Bygningen var teikna av Daniel Burnham i beaux-arts-stil, og fasaden er rikt ornamentert med gotiske og renessanse-inspirerte detaljar. Sjefsingeniør for konstruksjonen var Joachim Gotsche Giæver.
Området rundt Madison Square, aust mot Gramercy Park og nokre kvartal sør mot Union Square er kalla Flatiron District etter den kjende bygningen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.