Flórina
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Flórina (gresk Φλώρινα) er ein by og ein kommune i periferieininga med same namn, der han er hovudstad, i Vest-Makedonía i Hellas. Sjølve byen har om lag 18 000 innbyggjarar, og ligg like sør for grensa til nabolandet Nord-Makedonia. Prespasjøen ligg vest for byen.
Flórina Lokalt namn Φλώρινα | |
---|---|
Utsyn mot Flórina | |
Geografi | |
Stad | Makedonía |
Koordinatar | 40°47′N 21°24′E |
Areal | 827,6 km² |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Vest-Makedonía Flórina |
Hovudsete | Flórina (17 188 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 29 500 (2021[1]) |
Folketettleik | 35,6 /km² |
Flórina vart grunnlagd i tida under Austromarriket og vart erobra av Det osmanske riket på 1300-talet og først i 1912 etter den første balkankrigen vart han igjen ein del av Hellas. Byen vart derimot okkupert av Bulgaria under den andre balkankrigen og under den første og den andre verdskrigen.
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 29 500 innbyggjarar, medan kommunaleininga Flórina hadde 19 198 og tettstaden med same namn 17 188 innbyggjarar.[1]
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.