![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/98/Fjord_reflections.jpg/640px-Fjord_reflections.jpg&w=640&q=50)
Fjærland
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fjærland er eit sokn og ei bygd i Sogndal kommune i Vestland fylke og ligg på begge sider av inste delen av Fjærlandsfjorden, som er ein arm av Sognefjorden.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2d/Mundal.jpg/640px-Mundal.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/3d/B%C3%B8yabreen_glacier.jpg/640px-B%C3%B8yabreen_glacier.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/80/Bokbyen_Fj%C3%A6rland.jpg/640px-Bokbyen_Fj%C3%A6rland.jpg)
Fjærland | |||
stad | |||
Inst i Fjærlandsfjorden | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Sogndal | ||
Postnummer | 6848 FJÆRLAND | ||
![]() Fjærland 61.402222222222°N 6.7386111111111°E / 61.402222222222; 6.7386111111111 | |||
Wikimedia Commons: Fjærland | |||
Fjærland ligg ved foten av Jostedalsbreen, omgjeve av høge fjell, og hadde lenge ikkje anna samband med omverda enn med båt. Dette forandra seg då dagens Riksveg 5 vart vidareført i tunnel til bygda i 1986. Jostedalsbreen nasjonalpark er lettast tilgjengeleg i Fjærland (Sogndal kommune), og i Jostedalen (Luster kommune), og breen er godt synleg frå Riksveg 5. Ein kan òg gå på guida breturar ved å kontakte bremuseet. Norsk bremuseum ligg ved fjordbotn, medan Mundal hotell og Fjærland kyrkje ligg kring to kilometer lenger ute på vestsida av fjorden, i Mundal. I Mundal har det sidan 1995 òg vore bokby.
Mange turistar kjem til Fjærland i sommarhalvåret for naturopplevingar, blant dei i mange år Walter Mondale, som hadde eit spesielt tilhøve til staden sidan besteforeldra hans kom frå bygdesenteret Mundal. Det var han som opna Fjærlandstunnelen. Mange cruisebåtar er innom Fjærland.
Ved folketeljinga i 2001 budde det 284 personar i Fjærland delområde. Dei var fordeld på 145 i Indre Fjærland grunnkrins, 128 i Mundal grunnkrins og 11 i Ytre Fjærland grunnkrins.[1]