kyrkje i Senja kommune From Wikipedia, the free encyclopedia
Finnsnes kyrkje er ei arbeidskyrkje i Senja kommune i Troms.
Finnsnes kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Senja | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
Prosti | Senja | ||
Sokn | Lenvik | ||
Fellesråd | Lenvik | ||
Arkitekt | Nils Toft | ||
Teknikk | Betong og mur | ||
Material | Betong og teglstein | ||
Innvigd | 1979 | ||
Kyrkjegard | I Finnfjordbotn, ca. 5 km frå kyrkja | ||
Sitjeplassar | 750 | ||
Finnsnes kyrkje 69.231509426621°N 17.984164843809°E | |||
Wikimedia Commons: Finnsnes kirke | |||
Kyrkja vart teikna av arkitekt Nils Toft og er bygd i betong og tegl. Ho stod ferdig i oktober 1979 og vart vigsla av biskop Kristen Kyrre Bremer.
Finnsnes kyrkje ligg i sentrum av kommunesenteret Finnsnes like ovanfor Finnsnesvatnet. Ho ligg på ein haug, der konstruksjonen hennar følgjer det naturlege terrenget, og er godt synleg frå byen. Koret, eller fronten, hjå kyrkja er konstruert i vinkel og har retning mot aust. Nært kyrkja er det ein park, i tillegg til ein del grøntareal rundt ho.
Som arbeidskyrkje har ho attåt sjølve kyrkjerommet forsamlingsrom for kyrkjelyden, ungdomsrom, barnehage, kontor og kjøkken. Såleis er ho utstyrt med alt kyrkja treng som ein institusjon. Kyrkja har 750 sitteplassar i form av flyttbare stolar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.