Rhodes-piano
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rhodes-piano eller Rhodes er eit elektrisk piano. Instrumentet vart funne opp av amerikanaren Harold Rhodes som eit elektromekanisk instrument. Det vart først produsert av gitarprodusenten Fender under namnet Fender Rhodes.[1]
- «Rhodes» omdirigerer hit. For den greske øya, sjå Ródos.
Kjappe fakta Klassifisering, Hornbostel-Sachs klassifisering ...
Rhodes-piano | |||
| |||
Klassifisering | elektrisk piano, electro-acoustic idiophones | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 511 |
Lukk
Lyden av Rhodes-pianoet er rund og rein og skil seg derfor frå akustiske piano. Rhodes vert nytta i ei rekkje ulike musikksjangrar, men er mest vanleg i jazz, soul, funk og pop. Artistar og band som Chick Corea, Stevie Wonder og Steely Dan er alle kjende for å la Rhodes-pianoet prege lydbiletet.