Feminisme er ei mangearta samling av sosiale teoriar, politiske rørsler og moralfilosofiar, i hovudsak motiverte av eller som dreiar seg om røynslene til kvinner. Det gjeld særleg kvinnene sin sosiale, politiske og økonomiske situasjon. Som sosial rørsle fokuserer feminismen særleg på å avgrense eller fjerne kjønnsdiskriminering, og å fremje kvinnene sine rettar, deira interesser og saker i samfunnet.

Thumb
Kvinner i Stockholm demonstrerer med eit kjent feministsymbol på kvinnedagen 8. mars 2012.

Innan akademia fokuserer somme feministar på å dokumentere kjønnsdiskriminering og endringar i den sosiale posisjonen og representasjonen til kvinnene. Andre seier at kjønn er ein sosial konstruksjon, og dei granskar denne konstruksjonen av sosialt kjønn og jamvel seksualitet, og utviklar alternative modellar for studium av sosiale relasjonar.

Feministisk politisk aktivisme arbeider vanlegvis med saker som reproduktive rettar, vald i parforhold, fødselspermisjon, likeløn, kjønnsbasert mobbing, diskriminering og seksuell vald. Tema som feminismen utforskar omfattar patriarki, stereotypisering, generell objektifisering, seksuell objektifisering og undertrykking.

1960-talet og 1970-talet representerte og omhandla feminismen og feministisk teori i stor grad problem som møtte vestlege, kvite middelklassekvinner, samtidig som dei hevda å representere alle kvinner. Sidan da, har mange feministiske teoretikarar utfordra tanken om at «kvinner» utgjer ei einsarta gruppe individ med identiske interesser. Feministiske aktivistar har komme frå ulike miljø, og ein tok til å fokusere på samspelet mellom kjønn og seksualitet på den eine sida, og andre sosiale identitetar som «rase» og sosial klasse på den andre. Mange feministar i dag seier at feminisme er ei grasrot-rørsle som vil krysse grenser baserte på sosial klasse, «rase», kultur og religion, og at feminismen er kulturelt spesifikk og tar opp saker som er relevante for kvinner i det gitte samfunnet, til dømes kvinneleg omskjering i Sudan eller det såkalla «glastaket» i utvikla økonomiar, og innan feminismen drøftar ein i kva grad visse saker, som valdtekt, incest og moderskap likevel er universelle.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Feminisme


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.