planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Feittblad (Liparis loeselii) er ei plante i feittbladslekta Liparis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2] Ho er regionalt utdøydd (RE) i Noreg.[3]
Feittblad | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Liparis | ||
Art: | L. loeselii | ||
Vitskapleg namn | |||
Liparis loeselii
(Linné) Rich. | |||
Økologi | |||
Habitat: | myr | ||
Utbreiing: | nordaust-Europa til Sentral-Asia, Nord-Amerika | ||
Arten var kjend frå nokre få lokalitetar på rikmyrer i låglandet ved Oslofjorden, men vart sist observert i 1936.[4] Ved sidan av attgroing av myrer var uvettig innsamling frå botanikarar ein medverkande årsak til at arten gjekk ut.[3]
Feittblad (svensk namn gulyxne) blir rekna som sårbar (VU) i Sverige.[5]
I Danmark (dansk namn mygblomst) er arten berre kjend frå nokre få spreidde stader og er rekna som sterkt truga (EN).[6]
I Finland (finsk namn kiiltovalkku) er det no truleg berre att ein einaste lokalitet på Åland, og arten er klassifisert som kritisk truga (CR).[7]
Feittblad (engelsk namn fen orchid) veks heilt aust i England og i Wales. Arten er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[8] I den britiske raudlista har arten status som sterkt truga (EN).[9] Lokalt er han sterkt truga (EN) i England[10] og kritisk truga (CR) i Wales.[11]
I Estland (estisk namn soohiilakas) veks feittblad spreidde stader over det meste av landet og er rekna som sårbar (VU).[12] I Latvia (latvisk namn lēzela lipare)[13] veks arten ganske spreidd, mest i låglandet ved kysten. Han er klassifisert som sjeldan (kategori 3 – samazinās).[14] I Litauen (litauisk namn dvilapis purvuolis) veks arten no særleg i søraust og i vest. Han er rekna som sårbar (VU).[15][16]
I Benelux har arten (nederlandsk namn groenknolorchis, fransk namn liparis de Loesel) tidlegare vore funne over store delar av Nederland, men finst no berre i sanddyner ved kysten og i Zeeland. I Flandern i Belgia fanst han før ved kysten, men har no berre ein vekstestad i Kempten. Han kan òg kanskje finnast nord-aust i Vallonia.[17][18] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sterkt truga (EN, bedreigd).[19] I Belgia er han rekna som kritisk truga i Flandern (CR, ernstig bedreigd) og i Vallonia (CR, menacé d'extinction).[20][21] Han finst ikkje i Luxembourg.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.