From Wikipedia, the free encyclopedia
Fastelavnssundag, i Den norske kyrkja offisielt kalla sundag før faste, er den siste sundagen før faste og den siste sundagen i openberringstida.
Fastelavn, frå lågtysk, tyder eigentleg faste-aftan, kvelden før faste, og er ei nemning for festen dei tre dagane før langfasta. I gamle kyrkjebøker kan vi finne dagen under namnet quinquagesima, av latin, 'den femtiande dagen (før påske)'. Dagen har også vore kalla esto mihi, etter opningsorda på introitus denne søndagen: «Esto mihi in Deum protectorem, et in locum refugii, ut salvum me facias» (Salmane 31,3).
Fastelavnssøndag vil alltid falle på ein søndag 49 dagar (7 veker) før 1. påskedag, det vil seia i tidsrommet 1. februar til 7. mars, eller i skotår 2. februar til 7. mars.
År | Dato for fastelavn |
---|---|
2023 | søndag 19. februar |
2024 | søndag 11. februar |
2025 | søndag 2. mars |
2026 | søndag 15. februar |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.