![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/89/Irun_-_Isla_de_los_Faisanes_sobre_el_r%25C3%25ADo_Bisasoa_01.jpg/640px-Irun_-_Isla_de_los_Faisanes_sobre_el_r%25C3%25ADo_Bisasoa_01.jpg&w=640&q=50)
Fasanøya
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fasanøya (fransk Île des Faisans, Île de l’hôpital eller Île de la Conférence; spansk Isla de los Faisanes; baskisk Konpantzia) er ei elveøy i Bidasoa. Øya er eit kondominat, styrt av både Frankrike og Spania, og administrert av Irun (i Guipuzcoa i Spania) og Hendaye (i Pyrénées-Atlantiques i Frankrike), som styrer øya i periodar på seks månadar kvar. Ho har eit areal på 2 000 m², og vert kunstig verna frå straumane i elva.
Kjappe fakta Land, Areal ...
Fasanøya | |||
øy | |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 0,00682 km² | ||
Folketal | 0 | ||
![]() Fasanøya 43.342778°N 1.7655°W / 43.342778; -1.7655 | |||
Wikimedia Commons: Pheasant Island | |||
Lukk
Den viktigaste historiske hendinga som fann stad på øya var signeringa av Pyrenefreden etter ei rekkje av 24 møter mellom Luis de Haro og kardinal Mazarin i 1659 for å ende Trettiårskrigen. Ein monolitt vart reist på midten av øya for å minne hendinga.