Fravasji
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein faravahar eller fravasji[1] er ei nemning brukt i parsismen om den udøyelege sjela eller guddommelege essensen til eit menneske (og i mange kjelder om sjelene til alle levande vesen, også gudar og englar) som opptrer som ein vernande ande. Kvart menneske har sin personlege faravahar, og kan i tillegg be om vern frå faravaharane til forfedrar og gode avdøde. Det best kjende symbolet for parsismen, ein mann med venger, blir i dag som oftast sett på som ei avbilding av ein faravahar.