From Wikipedia, the free encyclopedia
Falsett (av italiensk falso, ’falsk’) er ein tale- og songteknikk der ein nyttar det øvste registret i røysta. Mannlega songarar som syng i falsett vert i klassisk musikktradisjon kalla kontratenorar. Også kvinner kan synge i falsett, men røystekvaliteten skil sig ikkje like mykje frå vanleg song.
Falsett er også vanleg i mannleg tale. Når gutar er i stemmeskifte kan røysta veksle ufrivillig mellom normalt register og falsett.
Kjente falsettsongarar innan pop og rock er mellom andre Brian Wilson (Beach Boys), Matthew Bellamy (Muse), King Diamond (Mercyful Fate), Barry Gibb (Bee Gees), Freddie Mercury (Queen), Justin Hawkins (The Darkness), Thom Yorke (Radiohead) og Neil Young .
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.