Fabrikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein fabrikk (av latin fabrica, 'verkstad') er eit industrianlegg der ein produserer varer, halvfabrikat eller foredler råstoff til ei anna råvare. Ein typisk fabrikk er ein eller fleire store bygg som inneheld maskineri, råstoff og ferdige produkt. Her finn ein arbeidarar eller oppsynsfolk for maskinar som jobbar etter samlebandsmetoden eller ein annan form for masseproduksjon.