FC Inter
From Wikipedia, the free encyclopedia
Football Club Internazionale Milano, til vanleg omtala som Inter, er ein fotballklubb frå Milano i Italia som vart skipa i 1908. Klubben spelar denne sesongen i Serie A. Noverande hovudtrenar er Simone Inzaghi.
Fullt namn | Football Club Internazionale Milano S.p.A. | |||
---|---|---|---|---|
Kallenamn | Il Nerazurri «Svartblå» 'La Beneamata «Dei bejubla» Biscione «Den store huggormen» | |||
Grunnlagd | 9. februar 1908 | |||
Heimebane | San Siro (kapasitet: 80,018) | |||
Styreleiar | Steven Zhang | |||
Hovudtrenar | Simone Inzaghi | |||
Liga | Serie A | |||
2020/21 | 1. plass i Serie A | |||
Nettstad | Heimeside | |||
| ||||
Noverande sesong |
Inter spelar vanlegvis i svartblå-stripete trøyer, og vert på folkemunne ofte kalla for Nerazzurri (dei svartblå). Inter er ein av dei største fotballklubbane i Italia og har vunne 19 Serie A-titlar; einast Juventus har fleire serietitlar. Inter har vunne Europacupen og Meisterligaen tre gongar og UEFA-cupen tre gongar.
Inter er den einaste klubben i det italienske seriesystemet som alltid har spela i toppdivisjonen. Klubben spelar det prestisjefylte byderbyet, det såkalla Il Derby della Madonnina ("Den vesle madonnaens derby"), mot erkerivalen AC Milan. Begge desse klubbane spelar sin heimekampar på 'Stadio Giuseppe Meazza'.