Følehorn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Følehorn eller antenner er, hjå leddyr og nærskylde organismar, eit sett føleorgan som sit framme på hovudet. Ein tenkjer seg, ut frå mellom anna larveutvikling og genetikk, at dei er utvikla frå eit sett primitive gang- eller symjebein. Krepsdyr har to par følehorn, medan insekt og mangefotingar har eitt par.