![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/75/2022_logo_of_the_People%2527s_Party_%2528Faroe_Islands%2529.png/640px-2022_logo_of_the_People%2527s_Party_%2528Faroe_Islands%2529.png&w=640&q=50)
Fólkaflokkurin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hin Føroyski Fólkaflokkurin (Radikalt sjálvstýri), oftast berre Fólkaflokkurin (Ff., norsk omsetjing 'Folkepartiet'), er eit konservativt politisk parti på Færøyane.[3] Partiet går inn for å erklæra Færøyane som ein sjølvstendig stat, har ein økonomisk liberal politikk, og ei tradisjonsbunden forståing av kristen etikk i mange sosialpolitiske spørsmål.
Fólkaflokkurin | |||
![]() | |||
Land | Færøyane | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1939 | ||
Hovudkvarter | Tórshavn | ||
Ideologi | Konservatisme,[1] liberalisme,[1][2] færøysk nasjonalisme,[1][2] EU-skepsis | ||
Politisk posisjon | sentrum-høgre, høgresida |
Fólkaflokkurin har røtene sine i den økonomiske depresjonen i mellomkrigstida og i radikalisering av den færøysk sjølvstyrerørsla. I 1940 fann nokre av Færøyenes leiande forretningsmenn og ein stor del av sjølvstyrerørsla saman i Fólkaflokkurin, som ville gjera øysamfunnet økonomisk uavhengig og sjølvberga. Etter at Færøyane vart avskore frå det tyskokkuperte Danmark same år, gjekk Fólkaflokkurin òg inn for å erklæra Færøyane som ein sjølvstendig stat. Etter folkerøystinga om sjølvstende i 1946 har partiet vorte meir pragmatisk. Fleire av dei som tidlegare støtta partiet tilhøyrde lekmannsrørsla Brøðrasamkoman, noko som òg har prega partiet. Fólkaflokkurin har oftast hatt sterkast støtte på Norðoyar, Vágar og Sandoy og i Tórshavn, og innan næringslivet, særleg innafor eigarane i skipsfart og fiskeindustrien.[4][5][6]
Fólkaflokkurin er eit av dei fire store partia på Lagtinget, og har òg vore representert i det danske Folketinget. Det har vanlegvis lete vere å røyste over saker som berre er relevante for Danmark, men har inngått i det parlamentariske grunnlaget for borgarlege regjeringar. Jørgen Niclasen er partiformann i Fólkaflokkurin, medan Jákup Mikkelsen er formann i lagtinggruppa.