Evripides eller Euripides (gresk: Εὐριπίδης – Eurīpídēs; fødd ca. 485 f.Kr., død ca. 406 f.Kr.) var den siste av dei tre store tragediediktarane i antikkens Hellas Hellas, og levde ein generasjon seinare enn Aiskylos og Sofokles. Etter legenda vart han fødd på dagen for slaget ved Marathon(490 f.Kr.), der dei to andre store dramatikarane deltok.

Kjappe fakta
Evripides
Thumb
StatsborgarskapAntikkens Athen
Fødd480-årene f.Kr.
Antikkens Athen, Salamína, Salamína
Død

400-årene f.Kr.
kongeriket Makedonia, Pélla

Yrketragedieforfatter, skodespelforfattar, skribent, lyrikar, filosof
Sjangergresk tragedie
FarMnesarchus
MorCleito
BornEuripides the Younger
Evripides på Commons
Lukk
Thumb
Statue av Evripides

I Evripides si sette rasjonalisme og sofistikk preg på kulturen, noko som førte til omvurdering og rasering av den gamle gudelæra. I Evripedes' si dikting er det ikkje lenger gudane som driv menneska til handling, men lidenskap og andre kjensler som ligg i mennesket.

Evripides kom frå Phyla i Attika, og budde det meste av livet i Aten. Han studerte under Protagoras i lag med m.a. Sokrates. Rundt 408 forlet han Athen til fordel for hoffet til Arkelaos, kongen av Makedonia, der han var til han døydde.

Han fekk framsynt 88 drama, og av desse er 17 bevarte til vår tid:

  • Alkestis, 438 f.Kr.
  • Medeia, 431 f.Kr.
  • Heraklidane («Herkules’ barn»), 430-428 f.Kr.
  • Hippolytos, 428 f.Kr.
  • Andromake, ca. 425 f.Kr.
  • Hekabe, ca. 424 f.Kr.
  • Hiketidane]] («Dei audmjuke»), ca. 423 f.Kr.
  • Elektra, ca. 420-416 f.Kr.
  • Herakles, ca. 415 f.Kr.
  • Trojanerinner, 415 f.Kr.
  • Ifigenia i Taurarland, ca. 414 f.Kr.
  • Ion , ca. 413 f.Kr.
  • Helena, 412 f.Kr.
  • Fønikerinner, ca. 409 f.Kr.
  • Orestes, f.Kr.
  • Bakkantinnene, sett opp etter at diktaren døydde, ca. 405 f.Kr.
  • Ifigenia i Aulis, sett opp etter at diktaren døydde, ca. 405 f.Kr.

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.