![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c4/EuclidStatueOxford.jpg/640px-EuclidStatueOxford.jpg&w=640&q=50)
Evklid
From Wikipedia, the free encyclopedia
Evklid eller Euklid (gresk: Εὐκλείδης – Eukleídēs; fødd omkring 325 f.Kr., død omkring 265 f.Kr.) var ein gresk matematikar som underviste i Alexandria i noverande Egypt i den greske antikken. Evklid er rekna som ein av dei største matematikarane i antikken. Han skreiv mange matematiske verk, det mest kjende er Stoikheia (’Elementa’), som gjer greie for oppbygginga av plangeometrien, og som danna grunnlaget for matematisk granskingsarbeid opp mot vår tid.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c4/EuclidStatueOxford.jpg/640px-EuclidStatueOxford.jpg)
Frå Evklid har vi omgrepa
- evklidsk geometri - ei geometrisk lære som byggjer på Evklids postulat.
- evklidsk algoritme – ein framgangsmåte for å finne største sams faktor for to tal.
- evklidsk rom – eit geometrisk n-dimensjonalt rom der Evklids postulat gjeld.
- Evklids postulat – parallellaksiomet, slår fast at ein gjennom eit punkt utanfor ei rett line berre kan leggje ein parallell til lina.
Motsett har vi omgrepet ikkje-evklidsk geometri.