Ermoúpoli

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ermoúpolimap

Ermoúpoli (gresk Ερμούπολη), tidlegare kalla Ermoupolis, er ein by og ein tidlegare kommune i periferieininga Sýros i Hellas. Han inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Sýros-Ermoúpoli. Ermoúpoli var hovudstad i det tidlegare prefekturet Kykladane og er no hovudstad i periferieininga Sýros og i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Meir informasjon Ermoúpoli Lokalt namn Ερμούπολη, Geografi ...
Ermoúpoli
Lokalt namn Ερμούπολη

Utsyn over Ermoúpoli
Geografi
Ermoúpoli is located in Hellas
Ermoúpoli (Hellas)
StadKykladane
Koordinatar37°26′N 24°55′E

Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Dei sørlege egeiske øyane
Sýros
Sýros-Ermoúpoli
HovudseteErmoúpoli (11 039 innb.)
Demografi
Folketal13 399 (2021[1])
Lukk

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Ermoúpoli 13 399 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 11 039 innbyggjarar.[1]

Ermoúpoli, «Byen til Hermes», ligg på austsida av øya og har mange nyklassiske bygningar, gamle herregardar og kvite hus som ligg i åssida ovanfor hamna. Han vert òg kalla «Dronninga av Kykladane» og har mange flotte kyrkjer, som Metamorfosis, Koimisis, St. Demetrios, Tre Hierarkar, Anastasis, Evangelistria og St. Nikolas.

Byen vart grunnlagd under den greske sjølvstendekrigen i 1820-åra og vart på den tida det største kommersielle og industrielle senteret i Hellas. Utover på 1800-talet tok Pireus over denne rolla.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.