![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b6/Erik_Fosnes_Hansen-crop.jpg/640px-Erik_Fosnes_Hansen-crop.jpg&w=640&q=50)
Erik Fosnes Hansen
norsk forfattar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Erik Fosnes Hansen (fødd 6. juni 1965 i New York) er ein norsk forfattar som skriv på bokmål. Han er oppvaksen i Oslo.
Kjappe fakta
Erik Fosnes Hansen | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. juni 1965 (59 år) New York by |
Yrke | skribent, litteraturkritikar, matskribent |
Språk | norsk, tysk, engelsk |
Medlem av | Det Norske Akademi for Språk og Litteratur, Deutsche Akademie für Sprache und Dichtung, medlem av Norges kulturråd |
Ektefelle | Erika Fatland |
Erik Fosnes Hansen på Commons |
Lukk
Erik Fosnes Hansen debuterte 20 år gammal med romanen Falketårnet. Boka fekk svært gode kritikkar og selde også bra, særleg til debutbok å vera, men det vart likevel for lite å rekna målt mot den neste boka hans. I 1990 kom Salme ved reisens slutt, ein roman på over 450 sider om dei sju musikarane i orkesteret på RMS «Titanic». Boka vart ein enorm publikumssuksess, og kritikarane var også svært positive. Boka er vorte omsett til over 20 språk. I 1998 kom så første del av Beretninger om beskyttelse. I 2001 kom ei portrettbok om prinsesse Märtha Louise.