tysk poet og skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Erich Kurt Mühsam (6. april 1878–10. juli 1934) var ein tysk politisk aktivist, anarkist, forleggjar og forfattar. Etter stor politisk verksemd og forleggjarverksemd vart han myrda av nazistane.
Erich Mühsam | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 6. april 1878 Berlin |
Død |
10. juli 1934 (56 år) |
Yrke | skribent, lyrikar, journalist, politikar, redaktør, redaktør |
Språk | tysk |
Politisk parti | Kommunistische Partei Deutschlands |
Medlem av | Q112136841 |
Far | Siegfried Mühsam |
Ektefelle | Zenzl Mühsam |
Erich Mühsam på Commons |
Mühsam vart fødd i ein jødisk familie i Berlin, og voks opp i Lübeck. Faren var apotekar. Mühsam vart utvist frå gymnaset i Lübeck for å ha skrive om tilhøva på skulen i den sosialdemokratiske avisa. Han tok derfor artium i Mecklenburg, gjekk så i apotekarlære i Lübeck, før han atter fór til Berlin i 1901.
I 1902 vart han redaktør i det anarkistiske tidsskriftet Der arme Teufel, og frå 1905 arbeidde han i bladet Weckruf. Han reiste mykje i åra 1904-1908, ofte saman med sin homoseksuelle venn Johannes Nohl.
Frå 1909 budde han i München, der han grunnla fleire anarkistiske grupper knytte til organisasjonen Sozialistischer Bund. I 1910 vart han arrestert klaga for hemmeleg oganisering. Han var venn med mellom andre Heinrich Mann, Frank Wedekind og Lion Feuchtwanger. Mühsam var medarbeidar ved München-kabareten og ulike satiriske tidsskrift, mellom andre Simplicissimus og Jugend. Frå 1911 til 1919 gav han i München ut tidsskriftet Kain - Zeitschrift für Menschlichkeit, men ikkje under verdskrigen. Mühsam gifta seg i 1915 med den bayerske bondedottera Kreszentia Elfinger, kalla Zenzl. Ho levde til 1962.
På slutten av verdskrigen vart Mühsam fengsla i 6 månader. Han vart ikkje sett fri før krigen var over. I 1919 vart han medlem i arbeidarrådet i München, og gjekk inn for ein bayersk rådsrepublikk. Etter at rådsrepublikken var slått ned av Reichswehr og høgrenasjonalistiske frikorps, vart han som «leiande element» dømd til 15 års fengsel. Men i 1924 vart han sleppt fri ved eit amnesti.
Etter dette fór han til Berlin og gav ut det anarkistiske tidsskriftet Fanal. Han arbeidde der saman med m.a. den unge Herbert Wehner. I 1925-1929 engasjerte han seg i fangehjelpsorganisasjonen Rote Hilfe, som stod KPD nær. Han gjekk ut av organisasjonen i 1929 pga. politisk usemje.
Kort etter maktovertakinga til nazistane i 1933 vart han arrestert. Han vart myrda i konsentrasjonsleiren Oranienburg året etter. Meldinga i nazipressa var: «Jøden Erich Mühsam har hengt seg i Schutzhaft.» Men medfangar fekk seinare ut den sanne soga om korleis han hadde vorte myrda på leirkommandanten sitt rom. Erich Mühsam ligg i æresgrav på gravstaden Waldfriedhof Dahlem.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.