![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/51/Erben_Wennemars_celebrating.jpg/640px-Erben_Wennemars_celebrating.jpg&w=640&q=50)
Erben Wennemars
From Wikipedia, the free encyclopedia
Egbert Rolf Wennemars (fødd 1. november 1975), kjend som Erben Wennemars, er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Dalfsen. Han vart sprintverdsmeister i 2004 og 2005.
Erben Wennemars | |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
Fødd | 1. november 1975 (48 år) Dalfsen |
Idrett | lengdeløp på skeiser |
Tok del i |
Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2006 – 1000 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2006 – Lagtempo herrer |
Utmerkingar |
Majoor Bosshardt Prize, Honorary Medal of the City of Zwolle |
Wennemars kom på tredjeplass i sprint-VM 1998 i Berlin, ei plassering han kopierte i sprint-verdsmeisterskapen 2003 i Calgary. Same sesongen var han tilbake i Berlin ved VM i enkeltløp, der han vann både 1000 m og 1500 m.
Under sprint-VM 2004 i Nagano imponerte Wennemars med to sterke 1000-meterar, noko som gav han VM-gullet framfor kanadiarane Jeremy Wotherspoon og Mike Ireland. Han forsvarte VM-tittelen i Salt Lake City i 2005, også då var Wotherspoon hans sterkaste konkurrent. Frå Vinter-OL 2006 i Torino reiste Wennermars heim med to bronsemedaljar, fyrst fekk han ein "gratismedalje" i lagtempoen, før han vart tredjemann på 1000 meter.
I 2007 deltok Wennemars i firkamp-VM, og på heimebane i Heerenveen enda han på femteplassen. Over ein tiårsperiode, 1999-2008, vann Wennemars elleve 11 medaljar (6-2-3) i ulike VM i enkeltløp.