Engeløybruene
From Wikipedia, the free encyclopedia
Engeløybruene er to bruer som bind Engeløya til fastlandet i Steigen kommune i Nordland. Bruene vart opna av Kong Olav V i 1978 og er ein del av riksveg 835.
Kjappe fakta Type, Strekning ...
| |||
Type | gruppe av bruer | ||
---|---|---|---|
Strekning | Fylkesveg 835 | ||
Kryssar | Sagfjorden | ||
Engeløybruene 67.9084412°N 15.1883217°E / 67.9084412; 15.1883217 |
Lukk
Høybrua er ei fritt frambygg-bru og går frå fastlandet til Ålstadøya. Brua er 548 meter lang og har eit hovudspenn på 110 meter. Lavbrua går frå Ålstadøya til Engeløya. Brua er 360 meter lang, med lengste spenn 24 meter.