Energiprinsippet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Energiprinsippet er lova om at energi er konstant og seier at energi ikkje kan skapast eller fjernast. Det er då underforstått at det er eit lukka system, sidan det i opne system kan overførast eller hentast energi frå omgjevnadene. Eit ope system og omgjevnadene representerer derimot eit lukka system, og energiprinsippet gjeld igjen. Det medfører at ei minking av ein type energi alltid fører til ein auke av ein annan type energi. Ein (tenkt) maskin som bryt mot denne naturloven vert gjerne kalla ein perpetuum mobile av første slag.
Energiprinsippet vert vanlegvis formulert med ei likning. Termodynamikken si første lov formulerer same forhold som ein verbal påstand.
Ein formell definisjon kan vere:
- Varmen som vert ført inn i eit system er lik summen av endringa i indre energi pluss arbeid som vert utretta av systemet.
Energiprinsippet er eit postulat som i følgje Noether-teoremet svarar til tidsinvariansen til naturlovene.