Emmy-prisen, også kalla berre Emmy, er ein amerikansk pris for fjernsynsarbeid, tilsvarande Oscar-prisen for film, Tony-prisen for teater og Grammy-prisen for musikk. Til saman utgjer desse dei fire store kulturprisane i USA.[1][2]

Thumb
TV-produsenten Bruce Kennedy med ein Emmy-pris.

Emmy-prisane blir gjevne innan fleire kategoriar for amerikansk fjernsyn, og blir delte ut ved flere ulike prisseremoniar i løpet av året. Dei to utdelingsseremoniane som får mest omtale i media er utdelinga av Primetime Emmy og Daytime Emmy, som anerkjenner utmerka arbeid i amerikanske underhaldningsprogram sende på kveldstid og dagtid. Det blir også halde lokale emmyprisutdelingar rundt om i landet på ulike tidspunkt i løpet av året. Desse anerkjenner utmerka arbeid innan lokal- og delstatsfjernsyn. I tillegg anerkjenner International Emmy Award utmerka arbeid innan tv-program som er blitt produserte og sende for første gong i land utanfor USA.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.