![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e8/Emberiza_citrinella_1_%2528Martin_Mecnarowski%2529.jpg/640px-Emberiza_citrinella_1_%2528Martin_Mecnarowski%2529.jpg&w=640&q=50)
Emberiza
slekt av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Emberiza er ei biologisk slekt av 45 nokså einsarta små til mellomstore sporvefuglar som lever i Eurasia og Afrika. Slekta Emberiza utgjer per 2022 heile busksporvfamilien, Emberizidae. Ny familie Amerikasporvfamilien, Passerellidae, samlar alle tidlegare busksporvar i «den nye verda» og let att berre denne eine slekta i Emberizidae.
Emberiza | |
![]() Gulsporv, Emberiza citrinella, Foto: Martin Mecnarowski | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Busksporvfamilien Emberizidae |
Slekt: | Emberiza Linnaeus, 1758 |
Busksporvane har eit felles anatonomisk trekk ved nebbet: Underkjeven er brei, overkjeven langt smalare med innoverkurva nebbkant eigna til å kutte føda mot underkjeven. Mange har òg ein pukkel under ganen til å knuse frø. Elles er nebbet kort og butt. Kroppslengd på desse fuglane er typisk rundt 15 centimeter, ytterpunkta er dvergsporv på 12 cm og kornsporv på 19 cm. Hos fleire artar får hannar ein ekstra fargerik hekkedrakt, og dei fleste artane i slekta syner sterk kjønnsdimorfisme.