Elva Var
From Wikipedia, the free encyclopedia
Var er ei elv søraust i Frankrike. Namnet Var har sitt opphavet i det liguriske ordet for vassveg.
Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Var | |||
elv | |||
Hustak i Entrevaux og elva Var. | |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 742 km² | ||
Lengd | 120 km | ||
Middelvassføring | 50−100 m³/s | ||
Kjelde | Dei maritime Alpane | ||
• høgd | 1 800 moh. | ||
Munning | Middelhavet | ||
Elva Var 44.2383°N 6.7517°E / 44.2383; 6.7517 | |||
Wikimedia Commons: Var River | |||
Lukk
Var renn gjennom departementet Alpes-Maritimes det meste av lengda si, bortsett frå eit 15 km langt stykke i Alpes-de-Haute-Provence. Unikt for ei elv i Frankrike er at elva ikkje renn i departementet som er kalla opp etter ho.
Var har sit utspring nær Col de la Cayolle (2 326 m) i Dei maritime Alpane og renn hovudsakleg søraustover i 120 km og ut i Middelhavet mellom Nice og Saint-Laurent-du-Var.
Var renn gjennom følgjande departement og byar:
- Alpes-Maritimes: Guillaumes
- Alpes-de-Haute-Provence: Entrevaux
- Alpes-Maritimes: Puget-Théniers, Carros, Saint-Laurent-du-Var