![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e1/Puente_en_la_cidad_de_ICA.jpg/640px-Puente_en_la_cidad_de_ICA.jpg&w=640&q=50)
Elva Ica
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ica er ei 220 kilometer lang elv i Peru som renn sørover frå høglandet i Huancavelica-regionen til Stillehavet gjennom Ica-regionen og passerer regionhovudstaden Ica.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e1/Puente_en_la_cidad_de_ICA.jpg/320px-Puente_en_la_cidad_de_ICA.jpg)
- Sjå òg Ica (fleirtyding)
Elva er til vanleg tørr gjennom store delar av året, men kan flaume opp og gjere store skadeverk som ved katastrofeflaumen i byen Ica i 1998. Ica-dalen har ein gjennomsnittleg nedbørsmengd på 3 mm i året og ein nokso uniform temperatur gjennom året med maksimalt månadsgjennomsnitt på 25°C i februar og eit minimum på 17 °C i juli.
Det naturlege nedslagsfeltet for Ica er 7 711 km², men eit prosjekt som freista å auke og regulere vasstilførsla, Choclococha, har lagt til 392 km².