![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d4/Else-Marthe_S%25C3%25B8rlie_Lybekk.jpg/640px-Else-Marthe_S%25C3%25B8rlie_Lybekk.jpg&w=640&q=50)
Else Marthe Sørlie Lybekk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Else Marthe Sørlie Lybekk (fødd 11. september 1978) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Snertingdal i Oppland. Ho debuterte på det norske landslaget i ein kamp mot Tyskland 2. november 1997, og spela sin 215. og siste landskamp i finalen under sommar-OL 2008. Noreg vann OL-gullet etter 34-27 over Russland, Lybekk skåra sju av dei norske måla i kampen, og enda då langdslagskarriera med å ha skåra 598 mål for Noreg. Mellom 1998 og 2008 vann ho to EM-gull, eitt VM- og eitt OL-gull for Noreg, samt to VM-sølv, eitt EM-sølv og ei OL-bronse. Ho var ei tid landslagskaptein.
Else Marthe Sørlie Lybekk | |
![]() Else Marthe Sørlie Lybekk i 2008, i Leipzig-drakt Foto: Jan Daniels | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. september 1978 (45 år) Gjøvik kommune |
Idrett | handball |
Tok del i |
Sørlie Lybekk spela for klubbane Snertingdal, Toten, Nordstrand IF (1997?-2003, 2008-10) og HC Leipzig (2003-10). Sommaren 2010 la ho opp som aktiv handballspelar. Ho bur i Oslo.