From Wikipedia, the free encyclopedia
Elektrofag, eller elektro er eit samlande omgrep som femnar om både elektromagnetisme, elektroteknikk og elektronikk. Ein deler tradisjonelt elektrofag i elkraft og elektronikk (av og til kalla «svakstraum»).
Elkraft handlar om generering, distribusjon og bruk av elektrisk energi med spenningar over 50 V. Grensa på 50 V er set på grunn av sikkerheit.
Elektronikk (svakstraum) femnar om analog- og digital elektronikk. Mange fagfelt som telekommunikasjon, signalhandsaming, kybernetikk, mekatronikk, som tradisjonelt vert vore rekna som elektrofag, byggjer like mykje på matematikk som på elektro. Grunnen til at dei vert rekna som elektrofag er at dei tradisjonelt nyttar teknologi som høyrer inn under elektromagnetisme, elektronikk og elektroteknikk og at teknologien ofte er utvikla i elektrofagmiljø.
Elektrofag vert undervist ved universitet og høgskular og det er eit av ni yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande skule.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.