Eidsberg kommune
tidlegare kommune i Østfold fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Eidsberg kommune er ein tidlegare norsk kommune i Østfold fylke, fram til han 1. januar 2020 blei del av den nye Indre Østfold kommune.[1] Kommunen grensa til Marker kommune i aust, Rakkestad kommune i sør, Skiptvet kommune i sørvest, Askim kommune i nordvest, Trøgstad kommune i nord og Aurskog-Høland i Akershus fylke i nordaust. Kommunen omfatta låglandet på austbreidda av Glomma og skogsåsane austover mot vasskiljet mot Haldenvassdraget.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Eidsberg kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Østfold | ||
Adm.senter | Mysen | ||
Areal | 236 km² | ||
• land | 232 km² | ||
• vatn | 4 km² | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Erik Unaas (H) | ||
Kommunenr. | 0125 | ||
Eidsberg kommune 59.536944444444°N 11.360277777778°E / 59.536944444444; 11.360277777778 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Eidsberg | |||
Nettstad: www.eidsberg.kommune.no | |||
Lukk
Administrasjonssenteret var Mysen, endestasjon for den austre linja til togselskapet NSB. Den best kjende attraksjonen i området er Momarken travbane, der Momarkedet bruker å bli skipa til.