![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/da/Skien-Porsgrunn.jpg/640px-Skien-Porsgrunn.jpg&w=640&q=50)
Eidanger
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eidanger er ein tidlegare norsk kommune i nedre Telemark.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/da/Skien-Porsgrunn.jpg/640px-Skien-Porsgrunn.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/13/Skjelsvik01.jpg/640px-Skjelsvik01.jpg)
Eidanger var eigen kommune frå 1. januar 1838, fyrst som Formandskabsdistrikt, frå 1853 som kommune/herad. 1. januar 1964 blei Eidanger og tidlegare Brevik kommune innlema i Porsgrunn kommune.
Eidanger dekkjer ca 140 km² sør-aust i Porsgrunn. Bydelen Eidanger i den noverande Porsgrunn kommune omfattar ikkje heile den opphavlege kommunen, men berre områda kring Eidanger stasjon og Eidanger kyrkje, og mellom anna ikkje Flåtten, Hovet/Stridsklev, Herøya, Langangen, Heistad og Lillegården/Døvika/Bergsbygda/Bjønnes.