Egersund
From Wikipedia, the free encyclopedia
Egersund er ein by på det norske Sørvestlandet, i Rogaland fylke, med 11 629 innbyggjarar per 1. januar 2023. Egersund vart ladestad 1798, og frå 1965 er han sentralstad i Eigersund kommune.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Egersund | |||
stad | |||
Egersund, utsikt frå Varberg. Foto: Jon Magne Bøe | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Kommune | Eigersund | ||
Areal | 7,09 km² | ||
Folketal | 11 629 (2023) | ||
Folketettleik | 1 640 / km² | ||
Postnummer | 4370 EGERSUND | ||
Preposisjon | i Egersund | ||
Egersund 58.45°N 6.0066666666667°E / 58.45; 6.0066666666667 | |||
Wikimedia Commons: Egersund | |||
Lukk
Byen var før kjend for fajansefabrikken Egersunds Fayancefabrik, som vart etablert i 1847 og lagd ned 1979. Byen ligg ved sjøen og har mykje verksemd knytt til hamna, mellom anna fiskeri, og dei siste tiåra har verksemd knytt til oljeutvinninga i Nordsjøen vorte ein viktig del av næringslivet.
Egersund har ein jarnvegsstasjon, slik er byen knytt til Jærbanen og Sørlandsbanen.