![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/38/Edward_Vernon_by_Thomas_Gainsborough.jpg/640px-Edward_Vernon_by_Thomas_Gainsborough.jpg&w=640&q=50)
Edward Vernon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Edward Vernon («Old Grogg») (12. november 1684–30. oktober 1757) var ein britisk admiral. Vernon vart fødd i Westminster i London som den andre sonen til James Vernon, statssekretær for Vilhelm III av England. Etter å ha sluttført studiane sine ved Westminster School gjekk Vernon i år 1700 inn i Royal Navy som frivillig på skipet HMS «Shrewsbury».
Edward Vernon | |
![]() | |
Statsborgarskap | Kongeriket Storbritannia |
Fødd | 12. november 1684 Westminster |
Død |
30. oktober 1757 (72 år) |
Yrke | marineoffiser, politikar |
Språk | engelsk |
Far | James Vernon |
Mor | Mary Buck |
Edward Vernon på Commons |
Han tente på forskjellige skip dei neste fem åra og vart løytnant i 1702. I 1706 vart han kaptein på HMS «Rye», som ein del av flåten til Cloudesley Shovell. I mai 1728 gjekk han i parlamentet og var til stades her då Robert Jenkins fortalt om hendinga der han visstnok skal ha fått øyra sitt avskoren av den spanske kystvakta i Karibia. Dette førte til krigen om øyra til Jenkins i 1739 der viseadmiral Vernon førte ein flåte i lag med generalmajor Thomas Wentworth. Vernon erobra Porto Bello, ein spansk koloniby, men klarte ikkje å ta Cartagena de Indias i 1741, som enda i katastrofe. Det godt forsvarte festninga i Cartagena, dårleg vêr og sjukdom hos mannskapet førte til store britiske tap og dei måtte til slutt trekke seg tilbake til Jamaica. Etter fleire sjukdomsutbrot og krangling med Wentworth reiste Vernon tilbake til Storbritannia og vart vald som parlamentsmedlem for Ipswich. Nyhendene om Cartagena førte etter kvart til at regjeringa til Robert Walpole måtte gå av. Vernon vart verande i marinen i fire år til, før han pensjonerte seg i 1746.