amerikansk skribent og poet From Wikipedia, the free encyclopedia
Edgar Allan Poe (19. januar 1809–7. oktober 1849) var ein amerikansk forfattar, diktar, litteraturkritikar og redaktør. Han er mest kjend for sine «gotiske» skrekkforteljingar som til dømes Huset Ushers fall, stemningsfulle dikt som The Raven og for Morda i Rue Morgue, ei av dei første krimforteljingane i verda. Han levde eit myteomspunne liv med alkoholisering og ei rekkje personlege nedturar. Poe var svært viktig for utviklinga av den moderne skrekksjangeren og science fiction.
Edgar Allan Poe | |
Pseudonym | Edgar A. Perry |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 19. januar 1809 Boston |
Død |
7. oktober 1849 (40 år) |
Yrke | lyrikar, skribent, essayist, litteraturkritikar, skodespelforfattar, journalist, science fiction-forfattar, krimforfatter, romanforfattar, forfattar, songtekstforfattar, litteraturteoretiker, redaktør |
Språk | angloamerikansk |
Sjanger | detektivforteljing, gotisk litteratur, mørk romantikk, dikt, fantastique |
Far | David Poe, Jr. |
Mor | Eliza Poe |
Ektefelle | Virginia Eliza Clemm Poe |
Edgar Allan Poe på Commons |
Poe mista tidleg foreldra sine. Faren, skodespelaren David Poe, forlet mora før han var fødd, og mora Eliza Poe døydde då han var tre år gammal. Han blei teken hand om av den rike kjøpmannen John Allan og Frances «Fanny» Valentine Allan, som let han døypa og påkosta utdanninga hans i England og Richmond i Virginia.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.