Edelgranslekta
planteslekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Edelgran (Abies) er ei biologisk slekt av tre i furufamilien. I edelgranslekta inngår om lag 50 artar eviggrøne bartre. Fleire artar av edelgran er innførte i Noreg, først og fremst som hagetre eller for produksjon av juletre og pyntegrønt.
Kjappe fakta
Edelgranslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Cycadophytanae |
Rekkje: | Bartre Pinophyta |
Klasse: | Pinopsida |
Orden: | Furuordenen Pinales |
Familie: | Furufamilien Pinaceae |
Underfamilie: | Abietoideae |
Slekt: | Edelgranslekta Abies Mill., 1754 |
Lukk
Nålene til edelgran har butt spiss, og dei har eit lyst band på undersiden. Dei skil seg frå nålene til granslekta ved at nålene går heilt ned til greinskotet, medan nålene på tre i granslekta er festa på ei lita forhøgning.