amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Ed Mann (14. januar 1954–1. juni 2024) var ein USA-amerikansk musikar som er mest kjend som perkusjonist i bandet til Frank Zappa frå 1977 til 1988, og han spelte på over 30 album av Zappa, inkludert studio- og konsertopptak. Mann har òg gjeve ut fleire soloalbum som bandleiar og komponist.
Ed Mann | |||
| |||
Fødd | 14. januar 1954 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Great Barrington | ||
Død | 1. juni 2024 (70 år) | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1975-2024 | ||
Sjanger | rock, jazz, verdsmusikk | ||
Instrument | klubbeperkusjon, elektronisk klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | Frank Zappa | ||
Plateselskap | Creative Music Productions | ||
Verka som | Musikar, komponist, plateprodusent |
Mann danna eit band med Tommy Mars i midten av 1973. Mot slutten av året studerte han med John Bergamo ved CalArts. I 1977 spurte Frank Zappa Bergamo om å legge på nokre ekstra lydspor på Zappa In New York og Bergamo tilrådde Mann.
Nokre månader seinare fortalte Ruth Underwood Mann at Zappa såg seg om etter ein ekstra klaverspelar. Då Ed ringde for å tilrå Tommy Mars(«ved midnatt, det einaste tidspunktet det var mogeleg å nå Frank på telefon»), inviterte Frank han heim til seg. Mann gjekk heim til han, der Terry Bozzio, Patrick O'Hearn og Adrian Belew jamma i lag med Zappa. Kl 02 på natta var Mann med i bandet.
Ein kan høyre Mann spelte gong på J21-albumet Yellow Mind:Blue Mind.
Mann er medlem av The Band From Utopia. I 2008 turnerte Ed Mann med Project Object og spelte med Agent Moosehead på New York Harvest Festival and Freedom Rally.
Ein kan sjå Mann spele i Zappa-filmane Baby Snakes, Dub Room Special & Video From Hell.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.