From Wikipedia, the free encyclopedia
Edøy gamle kyrkje er ei steinkyrkje frå tida kring 1190 som ligg på Edøya i Smøla kommune. Eit skriv frå 1695 nemner at kyrkja vart lengd med sju alen.
Edøy gamle kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Ytre Nordmøre | ||
Sokn | Edøy | ||
Fellesråd | Smøla | ||
Type | langkyrkje | ||
Arkitekt | Ved gjennoppbygginga: Tverrdahl | ||
Material | stein | ||
Innvigd | Kring 1190/ 4. juni 1950 | ||
• Endringar | Gjennoppbygd 1947–1950 | ||
Takryttar | Over vestre enden av skipet | ||
Kyrkjegard | Vestom kyrkja | ||
Sitjeplassar | 120 | ||
Edøy gamle kyrkje 63.2856°N 8.1315°E | |||
Wikimedia Commons: Edøy gamle kyrkje | |||
Ho gjekk or bruk som soknekyrkje etter at nykyrkja, Edøy kyrkje på Smøla, var ferdigbygd i 1885. Kyrkja brann etter eit lynnedslag den 14. januar 1887, og alt treverk og interiør anna enn altertavla og nokre få andre gjenstandar gjekk tapt. Altertavla vart øydelagd under bombinga av Kristiansund i 1940. Kyrkja vart bruka som lager av okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Etter krigen vart kyrkja oppattbygd, og ho vart atterinnvigd i 1950. I samband med 900-årsjubiléet i 1990 vart kyrkja nyoppussa og det vart sett inn nytt orgel.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.