EM i friidrett 2012
From Wikipedia, the free encyclopedia
EM i friidrett 2012 var den 21. europameisterskapen i friidrett. Tevlinga vart arrangert i Helsingfors frå 27. juni til 1. juli 2012; dette var om lag ein månad før Sommar-OL 2012 i London. Dei fleste øvingane gjekk føre seg på Helsingfors Olympiastadion.
50 nasjonar deltok, og det vart tevla i 42 øvingar; 21 for menn og 21 for kvinner. Sidan OL skulle avhaldast same året, vart det ikkje arrangert tevlingar i kappgang eller maraton under denne europameisterskapen.