EM i friidrett 1974
From Wikipedia, the free encyclopedia
Europameisterskapen i friidrett 1974 vart avvikla på Olympiastadion i Roma i tida 2. – 8. september 1974. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn og 15 for kvinner.
I meisterskapen vart sett fire verdsrekordar, alle av kvinner. Riitta Salin frå Finland sprang 400 meter på 50,14 sekundar, medan 4x100 m stafett-laget frå Aust-Tyskland sette ny verdsrekord med tida 42,51. Rosemarie Witschas og Ruth Fuchs, begge frå Aust-Tyskland, forbetra verdsrekordane i høvesvis høgdehopp og spydkast til 1,95 meter og 67,22 meter.
To norske utøvarar vann kvar sin bronsemedalje i meisterskapen; Grete Andersen på 1500 meter og Terje Thorslund i spydkast. Arne Kvalheim på 5000 m, Knut Børø på 10000 m og Leif Roar Falkum i høgdehopp kom alle på sjetteplassen i sine respektive øvingar.