EM i fotball 2016
From Wikipedia, the free encyclopedia
Europameisterskapen i fotball 2016 var den 15. europameisterskapen i fotball for menn. Meisterskapen gjekk føre seg i Frankrike frå 10. juni til 10. juli 2016. 24 land deltok i meisterskapen, åtte fleire enn i dei føregåande europameisterskapane. Portugal vart europameister etter å ha vunne finalen med 1—0 over Frankrike etter ekstraomgangar.