From Wikipedia, the free encyclopedia
Europameisterskapen i fotball 2008 (EM i fotball 2008), òg kjend som UEFA Euro 2008, blei arrangert i Sveits og Austerrike, 7. juni til 29. juni 2008. Vinnarane Spania slo Tyskland 1-0 i finalen på Ernst Happel Stadion. Dei var det andre landslaget som vann alle kampane i sluttspelet, berre Frankrike hadde greidd det før i 1984.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
EM i fotball 2008 UEFA Euro 2008 | |||
---|---|---|---|
Turneringsdetaljar | |||
Vertsland | Austerrike Sveits | ||
Dato | 7.–29. juni 2008 | ||
Stadion | 8 (i 8 ulike vertsbyar) | ||
Resultat | |||
Vinnar | Spania | ||
Andreplass | Tyskland | ||
Tredjeplass | Russland Tyrkia | ||
Turneringsstatistikk | |||
Kampar | 31 | ||
Mål | 77 (2,48 per kamp) | ||
Tilskodarar | 1 140 902 (36 803 per kamp) | ||
Toppscorar(ar) | David Villa | ||
Beste spelar | Xavi | ||
Kart | |||
Sveits Austerrike Vertsbyane | |||
|
Begge vertsnasjonane var direktekvalifisert til sluttspelet, og for Austerrike blei det det første EM-sluttspelet dei fekk vere med i.
Andre nasjonar som søkte om å arrangere meisterskapen, var Russland, Ungarn, som begge ønskte å arrangere meisterskapen åleine, og samarbeidsløysingar mellom Hellas og Tyrkia, Kroatia og Bosnia, Skottland og Irland, og eit nordisk samarbeid kor både Noreg, Sverige, Danmark og Finland var involvert.
Hellas var regjerande meister etter at dei slo Portugal 1–0 i finalen i 2004.
Dette er landa som kvalifiserte seg til EM-sluttspelet etter rekkjefølgje:
Gruppene i sluttspelet blei etter ei trekning sjåande slik ut:
Gruppe C blei sett på som den vanskelegaste gruppa å komme vidare frå.
Wien | Klagenfurt | Salzburg | Innsbruck |
---|---|---|---|
Ernst Happel Stadion | Wörthersee Stadion | Stadion Wals-Siezenheim | Tivoli Neu |
Kapasitet: 53 008 | Kapasitet: 32 000 | Kapasitet: 30 000 | Kapasitet: 30 000 |
Tre gruppespelkampar To kvartfinalar Semifinale Finale |
Tre gruppespelkampar | Tre gruppespelkampar | Tre gruppespelkampar |
Basel | Bern | Geneve | Zürich |
St. Jakob-Park | Stade de Suisse | Stade de Genève | Letzigrund |
Kapasitet: 42 500 | Kapasitet: 32 000 | Kapasitet: 32 000 | Kapasitet: 30 000 |
Tre gruppespelkampar To kvartfinalar Semifinale |
Tre gruppespelkampar | Tre gruppespelkampar | Tre gruppespelkampar |
Dersom hovuddommaren blir skadd, eller av ein annan grunn ikkje kan fullføre kampen, vil fjerdedommaren overta. Dersom ein av assistentdommarane blir skadd tar femtedommaren over. Femtedommaren er ein assistentdommar frå ei dommargruppe som ikkje skal dømme den dagen.
Dommar | Assistentdommarar | Land |
---|---|---|
Frank De Bleeckere | Peter Hermans Alex Verstraeten |
Belgia |
Massimo Busacca | Matthias Arnet Stéphane Cuhat |
Sveits |
Herbert Fandel | Carsten Kadach Volker Wesel |
Tyskland |
Peter Fröjdfeldt | Stefan Wittberg Henrik Andrén |
Sverige |
Manuel Mejuto González | Juan Carlos Yuste Jiménez Jesús Calvo Guadamuro |
Spania |
Ľuboš Micheľ | Roman Slyško Martin Balko |
Slovakia |
Konrad Plautz | Egon Bereuter Markus Mayr |
Austerrike |
Roberto Rosetti | Alessandro Griselli Paolo Calcagno |
Italia |
Kyros Vassaras | Dimitris Bozatzidis Dimitris Saraidaris |
Hellas |
Pieter Vink | Adriaan Inia Hans ten Hoove |
Nederland |
Howard Webb | Darren Cann Mike Mullarkey |
England |
Tom Henning Øvrebø | Geir Åge Holen Jan Petter Randen |
Noreg |
Land | K | V | U | T | + / − | MF | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Kroatia | 3 | 3 | 0 | 0 | 4–1 | +3 | 9 |
Tyskland | 3 | 2 | 0 | 1 | 4–2 | +2 | 6 |
Austerrike | 3 | 0 | 1 | 2 | 1–3 | –2 | 1 |
Polen | 3 | 0 | 1 | 2 | 1–4 | –3 | 1 |
Kvartfinalar | Semifinalar | Finale | ||||||||
19. juni, Basel | ||||||||||
Portugal | 2 | |||||||||
25. juni, Basel | ||||||||||
Tyskland | 3 | |||||||||
Tyskland | 3 | |||||||||
20. juni, Wien | ||||||||||
Tyrkia | 2 | |||||||||
Kroatia | 1 (1*) | |||||||||
29. juni, Wien | ||||||||||
Tyrkia | 1 (3*) | |||||||||
Tyskland | 0 | |||||||||
21. juni, Basel | ||||||||||
Spania | 1 | |||||||||
Nederland | 1 | |||||||||
26. juni, Wien | ||||||||||
Russland | 3** | |||||||||
Russland | 0 | |||||||||
22. juni, Wien | ||||||||||
Spania | 3 | |||||||||
Spania | 0 (4*) | |||||||||
Italia | 0 (2*) | |||||||||
* Talet på skåringar etter straffesparkkonkurranse
** Etter ekstraomgangar
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.